Aktuelt:
Stor delegasjon til Nederland.
15 personar frå kommunar og private foretak skal til Skandinaviske dagar i Nederland.
Det er firmaet Placement som arrangerer dei Skandinaviske dagane i Nederland som ein del av det opplegget dei har i samarbeid med mange kommunar i Norge om å skaffe tilflyttarar frå Nederland til kommunane. TIl Hallingdal har dei garantert 175 nye innbyggarar frå Nederland i løpet av 2 år,og lokal prosjektleiar Elfrid Bere seier til RH at interessa for å koma hit er svært stor. Nokre har også teke steget fullt ut og kome til Hallingdal og etablert seg. MEn det viser seg ofte å vera eit stort hinder: Arbeid til begge. Mangelen på dette har ført til at nokre har funne seg andre kommunar der dette har vore enklare,.
Til messa har det vorte laga eit større magasin på engelsk som fortel om kommunane i Hallingdal og det dei har å by på for folk frå Nederland og det er avtalt møter med fleire familiar for å drøfte nærare konkrete tilflyttingsplaner. Også Sparebank 1 er med på messa, dei har aktivt gått inn og kjøpt husvære bl.a. på Gol for å huse bl.a. tilflyttarar og er også på offensiven for å bygge hus i kommunane.
Meir i Fredagsmagasinet.
|