Politikk:
Oppheving av slektskapsparagrafen: Fleirtal i formannskapet.
Hol formannskap drøfta måndag spørsmålet om HOl kommune skulle oppheve fordelsparagrafen for slekt når det gjeld å overta hus gjennom arv - eit knapt fleirtal sa ja til oppheving.
Fleirtalet som ville oppheve fordelen som slekt har i dag gjennom konsesjonsloven, besto av 2 frå Ap, 1 frå Venstre og 1 frå Senterpartiet. Dei 2 uavhengige og Høgre ville ha ordninga som den er i dag. Dei hevda i debatten at å endre denne paragrafen ville vera å gripe svært sterkt inn i den einskilde sin eigendomsrett og at det ville vera dårlege signal å sende ut til barn og andre slektningar som har sett fram til å overta slektshuset ei gong i framtida.
Dei hevda også at rett bruk av eigendomen var det viktigaste, ikkje kven som eigde den.
Frå fleirtalets side vart det sterkt streka under at dagens konsesjonslov ikkje virkar slik den bør i forhold til måla om å få hus til dei som gjerne vil busetja seg i diverse bygder i kommunen og at ved å innføre ny forskrift i Hol kan vera med på å sikre hus i det minste til utleige.
No blir endringa kunngjort og etter at diverse fristar er over, kjem den attende til politisk behandling i Hol kommunestyre.
|